• Svimmel måne

    Svimmel måne

    9stk relieff, 2026

    Akrylgips

    43 x 43 x 4 cm

    Svimmel måne er en serie støpte relieff der sirklar og halvsirklar er fylt med ein flytende masse. I nokre felt forblir materialet innanfor dei geometriske grensene; i andre fyller det formene heilt ut, mens det andre stadar flyter over og bryter med strukturen. Verket er ei utforsking av spenningar mellom abstraksjon og fenomen, det flytende mot det faste, kontroll og uforutsigbarhet, og ein refleksjon over forholdet mellom kunstnarisk formalabstraksjon og vitanskapleg abstraksjon. Samtidig er det eit slags landskapsmaleri, inspirert mellom anna av vannmassene som flytter seg på kloden og blir dradd mot månen (som skaper tidevannsfenomenet), fargane på havet ein gråversdag og på nattehimmelen.

  • Trening og arbeidskrav

    Trening og arbeidskrav

    4 rekkverk, Terningmoen Leir, Elverum, KORO 2026
    Lakkert stål med glasplate
    1 x 4 m per rekkverk

    Fire rekkverk er installert på gavlsveggane til ei ny befalsforlegning i Terningmoen Leir i Elverum, som for tida er under utbygging for å auke kapasiteten til rekruttudanninga i det norske forsvaret. Mønsteret i rekkverket er utforma ved å overlappe konturlinjer frå både sivile og militære element, og fylle formene med eit stripemønster. Utgangspunktet er overlappinga mellom sivilt og militært liv som rekruttane møter ved starten av førstegongstenesta. Sjølv som desse sfærane blandast saman er skiljet dei imellom stor. Militære element er henta frå standard utstyrspakke for rekruttar, som feltstøvel, feltflaske, stridsvest og feltsekk. Dei sivile motstykka er kvardagslege gjenstandar ein 19-åring kan finne både i og utanfor ein militærleir: joggesko, vanleg drikkeflaske, kettlebell og ryggsekk. Desse kvardagslege tinga er knytt til den fysiske treninga rekruttane må gjere for å møte militære arbeidskrav – som å marsjere langt eller bære tungt. Tittelen Trening og arbeidskrav viser til opptreninga og til overgangen frå sivilt til militært liv.

  • Månen, dropen og diamanten

    Månen, dropen og diamanten

    Konglomerat og brekksje, 2024
    Stein 1: 2,8 x 2,3 x 1,9 m | Stein 2: 3,1 x 2,0 x 0,6 m | Stein 3: 6,1 x 3,0 x 1,2 m
    Bestilt av Statens vegvesen for et nytt, offentlig torg i Førde, Norge.

    Kunstverket synliggjør hvordan den skiftende vannoverflaten forholder seg til Kartverkets referansepunkter for havnivå, gjennomsnittsmålinger og FNs klimapanels prognoser for hvor disse nivåene forventes å være i fremtiden. Prosjektet ble utviklet i dialog med havnivåforsker Kristin Richter i NORCE og presentert under Bergen kommunes One Ocean Week-sesjon «Sea level rise in European cities – living with/against the ocean».