4 rekkverk, Terningmoen Leir, Elverum, KORO 2026
Lakkert stål med glasplate
1 x 4 m per rekkverk
Fire rekkverk er installert på gavlsveggane til ei ny befalsforlegning i Terningmoen Leir i Elverum, som for tida er under utbygging for å auke kapasiteten til rekruttudanninga i det norske forsvaret. Mønsteret i rekkverket er utforma ved å overlappe konturlinjer frå både sivile og militære element, og fylle formene med eit stripemønster. Utgangspunktet er overlappinga mellom sivilt og militært liv som rekruttane møter ved starten av førstegongstenesta. Sjølv som desse sfærane blandast saman er skiljet dei imellom stor. Militære element er henta frå standard utstyrspakke for rekruttar, som feltstøvel, feltflaske, stridsvest og feltsekk. Dei sivile motstykka er kvardagslege gjenstandar ein 19-åring kan finne både i og utanfor ein militærleir: joggesko, vanleg drikkeflaske, kettlebell og ryggsekk. Desse kvardagslege tinga er knytt til den fysiske treninga rekruttane må gjere for å møte militære arbeidskrav – som å marsjere langt eller bære tungt. Tittelen Trening og arbeidskrav viser til opptreninga og til overgangen frå sivilt til militært liv.










